Sølvtrans bygger ny brønnbåt

Myklebust Verft på Gursken skal igjen levere brønnbåt til ålesundreiarlaget Sølvtrans.

Myklebust Verft har inngått kontrakt med Sølvtrans Rederi om bygging av ein ny brønnbåt. Kongsberg NVC 389.   Foto: Myklebust Verft

Næringsliv

Den nye brønnbåten er bygg nummer 75 ved Myklebust verft og skal leverast i mars 2021. Myklebust Verft leverte også to brønnbåtar (Ronja Ocean og Ronia Diamond) til Sølvtrans i 2017, den nye båten blir større. Skroglengda er auka med 7,2 meter og lastekapasiteten blir auka frå 3200 kubikkmeter til 4000. Det melder verftet i ei pressemelding.