Kleven-sjef Kjetil Bollestad om sal av verftet og jakta på nye kontraktar:

- Vi skal jobbe knallhardt - og det skal byggjast nye båtar ved Kleven Verft

Den nye administrerande direktøren er klar på to ting – MS Fridtjof Nansen skal ferdigstillast rundt årsskiftet, og verftsleiinga skal jobbe hardt for å finne nytt arbeid til det tradisjonsrike skipsverftet.

Ny administrerande direktør: Kjetil Bollestad blei tidlegare i juli utpeika som den nye administrerande direktøren i Kleven Verft.   Foto: OLE-OTTAR KARLSEN HØGSTAVOLL, Vikebladet Vestposten

Næringsliv

Vikebladet Vestposten: Den sindige 51-åringen, som er busett i Son i Akershus, men som opphavleg kjem frå Sandnes i Rogaland, blei tidlegare i juli presentert som ny administrerande direktør i Kleven Verft.