Hofseth vil bygge nytt oppdrettsanlegg i Storfjorden

Hofseth Aqua søker Sykkylven kommune om å få etablere eit fiskeoppdrettsanlegg ved Bugane, aust for Ramstadvika.

Oppdrett: Roger Hofseth er dagleg leiar for Hofseth Aqua. Her er han på Hofseth Aqua sitt anlegg ved Vindsnes sør for Valldal i Nordal kommune.  Foto: Staale Wattø

Næringsliv

Forundersøkingar og pågåande utgreiingar viser at området på søraustsida av Storfjorden er svært godt egna for matfiskoppdrett av laks og regnbogeaure, skriv selskapet i søknaden.