Verdas største plug-in hybridskip levert frå Ulstein verft

Color Hybrid, verdas største plug-in hybridskip, vart torsdag levert frå Ulstein Verft til Color Line.

MS Color Hybrid, cruiseferie fra Color Line skal gå på ruten mellom Sandefjord i Norge og Strömstad i Sverige. Prøvetur i Vartdalsfjorden. Bygget ved Ulstein verft i Ulsteinvik  Foto: Staale Wattø

Flaggskifte: Trond Kleivdal og Gunvor Ulstein.  Foto: Pressefoto

Næringsliv

9. august går jomfruturen frå Sandefjord til Strømstad.

Skipet er 160 meter langt og 27,1 meter breitt, og har kapasitet til å transportere 2000 passasjerar og 500 personbilar.

Maritime klynga

Skipet er eit viktig prosjekt for både Ulstein, Color Line og den maritime klynga, skriv verftet i ei pressemelding.

Over 70 prosent av leverandørane på skipet er frå den maritime klynga i Norge.

Color Hybrid.   Foto: Pressefoto

– Med brei maritim kompetanse har våre dyktige og engasjerte medarbeidarar gjort ein stor innsats for å ferdigstille Color Hybrid, seier konsernsjef Gunvor Ulstein ifølgje pressemeldinga.

– Bygginga av verdas største plug-in hybrid skip er i tråd med våre ambisjonar om vidareutvikling av berekraftige og miljøvennlege løysingar for norsk skipsfart, seier konsernsjef Trond Kleivdal i Color Line.


Jomfruseglasen til verdas største plug-in hybridskip blir utsett:

Seglar første turen til Strømstad 9. august




Landstraum

Batteripakken veg 65 tonn og kan ladast på ein time.

– Skipet tek i bruk nye løysingar for å redusere støy og utslepp. Batteria på fem megawatt kan ladast via ein straumkabel, med miljøvennleg straum frå landstrømanlegget på kaia i Sandefjord, skriv Ulstein Verft i ei pressemelding.

Skipet skal gå ut og inn av Sandefjordsfjorden tilnærma lydlaust og utan utslepp av skadelege miljøgassar eller nitrogen- og svovelpartiklar til lufta, ifølgje verftet.

I tillegg har skipet eit varmereservoar som utnyttar varme frå kjølevatn og eksos til oppvarming.

På dekk skal det vere eit drivhus som drivast av spillvarme, der det blant anna skal dyrkast urter og grønsaker som serverast om bord. På brovingen er det lagt glasgolv slik at passasjerane kan følgje bølgene og sjå direkte ned på open sjø.


Kleven-sjef Kjetil Bollestad om sal av verftet og jakta på nye kontraktar:

- Vi skal jobbe knallhardt - og det skal byggjast nye båtar ved Kleven Verft

Den nye administrerande direktøren er klar på to ting – MS Fridtjof Nansen skal ferdigstillast rundt årsskiftet, og verftsleiinga skal jobbe hardt for å finne nytt arbeid til det tradisjonsrike skipsverftet.



Nytt år med minus for Ulstein

Ulstein Group hadde i 2018 ei omsetning på 1,89 milliard kroner og eit driftsresultat på -211,6 millionar kroner.