Skipsverftet i Gursken har per i dag rundt 130 tilsette og godt med oppdrag. Til venstre på bildet ser ein kjempa AKOFS Seafarer, som Myklebust i februar i år signerte sin største ombyggingskontrakt nokosinne på. Til høgre ser ein Saeborg, eit skip som høyrer til det færøyske reiarlaget Skansi Offshore, som er ein ny kunde for Myklebust Verft. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / Vikebladet Vestposten

– Alle tek i eit tak – det er sjølve Myklebust-ånda

Dagleg leiar Inge-Jonny Hide og økonomi- og finanssjef Leiv Sindre Muren er ikkje i tvil – hardt arbeid og pågangsmot har gjort utsiktene til tradisjonsrike Myklebust Verft svært positive.