Når den nye storkommunen startar opp 1. januar er det Haram-modellen som skal ligge til grunn for næringssamarbeidet. No skal vi lage Ålesund-modellen, lovar næringssjef i nye Ålesund, Inger Synnøve Remme. Foto: Staale Wattø

Haram-lokomotivet

Sjølv har ho aldri budd lenger vekke enn Spjelkavik. Men Inger Synnøve Remme oppmuntrar gjerne ungdommar til å flytte ut, og skaffe seg nye erfaringar som dei kan ta med seg heim. For her manglar det ikkje på moglegheiter.