Nesvik hardt ut mot islandsk markellran

Norsk makrell har ei strålande framtid, meiner fiskeriminister Harald Tom Nesvik.

– Utfordringa for næringa blir å auke verdien på makrellen og silda som blir fiska, sa Nesvik.  Foto: Per Ove Stige

Næringsliv

Det same meiner nok Island, med den forskjellen at dei meiner makrellen er islandsk. Nesvik gjekk hardt ut mot Island då han opna konferansen Pelagisk Arena i Ålesund torsdag.

– Island har auka sin kvote midt i året med heile 30 prosent, trass i at avtalepartane Norge, EU og Færøyane har halde sin kvote konstant. Island tar no ut nesten like mykje makrell som Norge, som har heilt andre historiske rettigheiter.

– Det er heilt klart at dette er urimeleg og uakseptabelt. Makrelltoktet i år viser også klar tilbakegang i islandsk sone. Det ser dermed ut til at jo mindre makrell Island har i eiga sone, jo større kvote gir deg til seg sjølv. Slik situasjonen er no, slik kan vi ikkje ha det, sa Nesvik til dei rundt 150 deltakarane på konferansen.

Nesvik legg også til at Island byter til seg torsk mot makrell som er i internasjonal sone. I sum set Island heile kvotesystemet i fare, meiner Norges fiskeriminister.

For tida utgjer pelagisk fisk stadig større verdiar for Norge. Det er ikkje mengda fisk som aukar men prisen. Ein av grunnane er svak norsk valuta. Utfordringa for næringa blir å få meir av makrellen på bordet til folk i staden for at den blir malt til mel, det vil gje betre betalt.


Budsjettlekkasje

Nesvik la fem millioner på bordet til plastavtale

Det kunne fiskeri- og sjømatminister Harald Tom Nesvik røpe da han åpnet årets Bluefish-messe.