Marin Teknikk med ny kontrakt

Herøy-selskapet skal designe ein ny linebåt for fiske i Sørishavet.

Frå kontraktunderskrivinga i Tyrkia den 5. september. F.v Sakir (Tersan), Ôzge (Tersan), Richard og Thomas Gjerde (Marin Teknikk), Stig Ervik (Ervik Havfiske), Engin Oktay (Tersan), Kjell-Magne Ervik (Ervik Havfiske), Geir-Rune Aarsheim (Ervik Havfiske). 

Næringsliv

Det melder selskapet i ei pressemelding. Kontrakten er for Frøyanes AS på Stadlandet, eit dotterselskap av Ervik Havfiske, der Marin Teknikk skal levere design og ingeniørarbeid. Sjølve bygginga vil bli gjort hos Tersan Shipyard i Tyrkia, og båten skal vere klar for levering i september 2021.

Fartøyet vil bli 60,50 meter langt og ha plass til 30 personar. Det skal byggjast med høg isklasse, då linebåten skal fiske i Sørishavet etter patagonisk tannfisk.

Den nye linebåten skal vere klar i september 2021.  Foto: Marin Teknikk

Marin Teknikk skriv vidare i pressemeldinga at fleire anerkjende norske leverandørar vil nytte godt av kontrakten med leveransar av utstyr til fartøyet. Dette er den ellevte båten Marin Teknikk har designa for Ervik Havfiske, og samstundes vil den bli bygg nummer 100 hos Tersan Shipyard.

Dette vart markert med ein stor seremoni på verftet torsdag 5. september då kontrakten blei signert. Tersan Shipyard bygde òg den førre linebåten til Ervik Havfiske, «MS Frøyanes», som framleis er den største linebåten i verda. Den var òg teikna av Marin Teknikk.

Salsdirektør Richard Gjerde fortel i pressemeldinga at dette er ein særs gledeleg kontrakt for dei.

– Vi har jobba tett med Stig og Kjell-Magne Ervik og teamet deira i nesten 25 år og vi føler at dette er ei sannkjenning av arbeidet vårt med å teikne trygge, praktiske, miljøvennlege og kosteffektive fiskefartøy spesielt tilpassa dei forskjellige fiskeri og havområde dette linebåtreiarlaget opererer på, seier han.