Reiser seg etter tunge år:

Glede over nye oppdrag

Ulsteinvikbedrifta Sebastian AS seglar i medvind etter tunge og vanskelege år.

Nøgd: Johannes Kristian Bjøringsøy er Dagleg leiar i Sebastian AS. 

Næringsliv

Til liks med store delar av den maritime næringa har konsulentselskapet også vore gjennom tunge og vanskelege år. Men no har skuta snudd, og selskapet kan glede seg over tre nye kontraktar med ulike riggselskap.

– Ja, det er kjekt å kjenne at vi er i støyten igjen, fortel dagleg leiar, Johannes Kristian Bjøringsøy, og legg til:

– Hardt arbeid dei siste åra gir ringverknader no. Berre siste tida har vi fått tre nye kontraktar med heilt forskjellige kundar i riggmarknaden.

Konsulentselskapet tilbyr ulike rådgjevingstenester til den maritime næringa både nasjonalt og internasjonalt. Siste åra har Sebastian bevisst satsa på rigg, og nye oppdrag er eit resultat av dette.

– Vi følgjer med på det som skjer, og ligg i tet innanfor vår nisje. For kundane våre er det viktig å samarbeide med oss som ein uavhengig tredjepart, og vår kunnskap og kvalitet blir då til deira fordel, fortel Bjøringsøy.

Konsekvensanalyse

Han er glad over å nettopp ha fullført jobben for eit av verdas største riggselskap. Ei av dei tre kontraktane dette året.

– Tidlegare i år fekk vi eit oppdrag for riggen Transocean Spitsbergen. Her har vi føretatt ein FMEA – Failure Modes and Effects Analysis, som er ei slags konsekvensanalyse der alle feil vert kartlagt og konsekvensen av feila vert analysert.

– For å få dette i hamn har vi måtta jobba både overtid, helgar og i sommarferien. Eg er takknemleg for den innsatsen dei tilsette har lagt ned. Vi har alle måtta ofre ein del for å få dette i mål, seier han.

«Lone Star» i Brasil

Godt arbeid gir resultat, og Bjøringsøy har all grunn til å smile. Den siste månaden har vore hektisk, men gjevande.

– For eit par veker sidan signerte vi kontrakt med ein brasiliansk riggeigar. Dette er eit litt anna type oppdrag, der vi skal assistere med å reaktivere riggen «Lone Star» frå opplag, og hjelpe reiarlaget og få den akseptert av Brasil sitt statsoljeselskap, Petrobras, seier han ivrig.

– Denne jobben blir handtert delvis frå Sebastian sitt kontor i Rio de Janeiro og delvis frå hovudkontoret her i Ulsteinvik, fortset han.

Nybygg i Singapore

Signaturen på den siste kontrakten har omtrent ikkje tørka.

– Ja, her går det fort unna. Det er ekstra stas å kunne melde at vi denne veka har signert kontrakt med ein norsk riggeigar i Stavanger. Vi gler oss stort over nye kontraktar med solide oppdragsgjevarar, og ser lyst på framtida.