Vil bygge fritidsbustader i strandsona i Haram

– Ser ein marknad både i Norge og i utlandet

Gondolin, eit Oslo-selskap, har erfaring med hytteutbygginar til fjells. No ser dei på eit hyttefelt i Hellandhamn som eit mogleg pilotprosjekt med sjøen.

Havnes Det er laga fleire teikninger av korleis hytteprosjektet Havnes kan bli sjåande ut. Illustrasjon: Ben Giske Fylling og Bjørge Bygg AS  

Næringsliv

Selskapet som har erfaring med fleire hytteprosjekt til fjells, mellom anna på Hallingskarvet og Skinnarbu, hadde i slutten av september eit møte med Haram kommune der dei la fram planane sine for området. Planen er at dei ønskjer å bygge omtrent 14 fritidsbustader i tre rekker, og at dei for å realisere utbygginga truleg må fylle ut i sjøen.