Ulstein skal no få kabelskipet i hamn

Eit nytt toppmoderne kabellegginsfartøy tar form, og skal ferdigstillast hos Ulstein Verft. 

Enormt: Kabelskipet til Nexans vert om lag 150 meter langt og 31 meter breitt – noko som er blant dei største skipa som er bygd ved verftet nokon gong. Skipet vert også eitt av dei største av sitt slag i verda.  Foto: Skipsteknisk

Næringsliv

«Nexans Aurora» skal kople havvindfarmar til straumnettet, støtte elektrifisering av offshore oljeinstallasjonar og bygge utjamningsleidningar mellom land.

Lett manøvrerbart: Skipet vert utstyrt for å legge sjøkablar. Det omfattar buntlegging, kabelskøyting og reparasjonar, samt grøfting og sikring av kabelsystem. Skipet er utvikla for å vere lett manøvrerbart og ha god posisjoneringsevne sjølv ved operasjonar i røft vêr, heiter det i pressemeldinga.  Foto: Skipsteknisk

– Fartøyet er godt førebudd for å gjere komplekse konstruksjonsoppgåver under vanskelege vêrforhold overalt i verda.

Det seier adm. dir. Lars Lühr Olsen i Ulstein Verft i ei pressemelding.


Meir aktivitet enn på lenge ved Ulstein Verft

Ved Ulstein Verft er det fullt køyr igjen, og ordreboka held verftet med arbeid utover i 2021. Vi tok oss ein prat med verftsdirektør Kristian Sætre.


Ulstein Verft skal mellom anna utruste og teste fartøyet, før det skal leverast i 2021.

– Bygginga av dette banebrytande kabelleggingsfartøyet er ein viktig milepæl i vår langsiktige strategi for framtidas energimarknad, seier adm. dir. i Nexans, Ragnhild Katteland, i pressemeldinga.

Til venstre Olsen, til høgre Katteland. Dei store blokkene som til saman skal utgjere skroget vert no samanstilte i Polen. Representantar frå reiarlaget, skipsbyggarane, skipsdesignaren og andre samarbeidspartnarar var til stades ved markeringa.  Foto: Pressefoto

Nytt år med minus for Ulstein

Ulstein Group hadde i 2018 ei omsetning på 1,89 milliard kroner og eit driftsresultat på -211,6 millionar kroner.