Fylkeskommunen og Sparebanken Møre:

Gir 2,5 millionar til Skaparhuset i Ulstein

— Skaparhuset vil bli ein ny og spennande arena for læring på tvers av næringsliv, kommunar, utdanningsmiljø og elevar og studentar, seier utvalsleiar Marit Nerås Krogsæter.

Marit Nerås Krogsæter er leiar i Kultur- og folkehelseutvalet (Sp), Møre og Romsdal fylkeskommune.  

Næringsliv

Kultur, nærings- og folkehelseutvalet løyvde i dag 1,5 millionar kroner til Skaparhuset, Sparebanken Møre plussar på ein million.

Hus for læring og innovasjon

I dette huset skal næringslivet, kommunane, utdanningsmiljø, elevar og studentar møte på like vilkår for å lære av kvarandre, som eit grunnlag for innovasjon og omstilling.

— Dette blir utruleg spennande, seier prosjektleiar Kjersti Kleven i NCE iKuben. NCE iKuben var initiativtakar i lag med Ulstein kommune og Kleven har leia forprosjektet som har utgreia grunnlaget for Skaparhuset.

— Vi skal skape ein verkstad for læring og innovasjon med aktivitet både seint og tidleg. Her skal ein kunne lære av kvarandre, teste nye løysingar, prøve og feile, anten ein er ingeniør frå ei bedrift, elev, helsearbeidar frå ein kommune eller deltakar i Kodeklubben. Ein slik felles arena utan sektorgrenser, har vi ikkje funne nokon annan stad, seier Kleven.

Med seg på laget har ho klyngemiljøet i ÅKP, ProtoMore innovasjonslab, Høgskulen i Volda, Mafoss, nystarta Ulstein næringsforum, i tillegg til Ulstein kommune og Ulstein vidaregåande skule. Dermed er dette ei satsing som vil gi læring og ringverknader for heile fylket.

Stort behov for omstilling

I saka som vart behandla av Kultur, næring- og folkehelseutvalet vert det trekt fram at det er eit stort behov for omstilling og innovasjon, i både kommunar, næringsliv og i utdanningssektoren. Næringslivet er midt inne i ei stor omstilling, der bedriftene på kort tid har måtta finne nye marknader. Nye kundar, andre verdikjeder og endra logistikk, gjer at dette er ei krevjande tid for bedriftene.

Viktig støtte

Sparebanken Møre blir ein partnar i samarbeidet, og har gått inn med ein million kroner til prosjektet.

— Vi ønsker å bidra til skaparglede i regionen, og då vi fekk presentert idéane til ein skaparverkstad, var vi raskt einige i at dette må vi berre vere med på, fortel Hege Karete Hamre, Banksjef Næringsliv på Søre Sunnmøre.