Nytilsett i nyleg etablert selskap:

Dette er den nye næringslivssjefen i Havlandet AS

Det er Merethe Hjertø Flusund (50) som har fått jobben som næringslivssjef i selskapet Havlandet AS.

Dagleg leiar: Merethe Hjertø Flusund gler seg til å starte på jobben som næringslivssjef. Noko av det ho ønskjer å arbeide med er at aktørane skal gjere kvarandre gode, og møte dei som torer å satse med rausheit og oppmuntring. Det skriv Havlandet i pressemeldinga.  Foto: Havlandet AS

Næringsliv

Det skriv selskapet i ei pressemelding fredag morgon. Selskapet har som mål å styrke bedriftene i Herøy kommune og å påverke til vidare vekst og utvikling.

Hjertø Flusund er sjølv frå Herøy og har fram til no jobba som administrasjonssjef i reiarlaget Remøy Management. Der har ho vore sidan 2013.

– Eg gler meg til å ta fatt på dette arbeidet og ser fram til å vere ein bidragsytar saman med mange andre, dyktige optimistar som vil bygge Herøy-samfunnet endå sterkare og større, seier ho i meldinga.

Styreleiar i Havlandet, Torill Myren skriv i meldinga at ho er glad for at dagleg leiar er på plass.

– Vi har fått på plass ein samlande og strukturert gjennomfører med god kjennskap både til næringslivet og det offentlege, og vi har trua på at Merethe Hjertø Flusund vert ein dyktig og drivande katalysator for samarbeid og utvikling, skriv ho.