Dagleg leiar i Havyard Ship Technology trekker seg

Lasse Stokkeland har valt å trekkje seg som dagleg leiar i Havyard Ship Technology AS (HST), og styret har utpeikt Erlend Hatleberg som ny dagleg leiar.

Havyard Group sitt verft i Leirvik. Arkivfoto: Knut Arne Aarset 

Næringsliv

Nyheita om at den daglege leiaren trekker seg kjem same dag som Havyard Group har hatt eit børsfall, etter at dotterselskapet HST har tapt eigenkapitalen.

Konsernsjef i Havyard Group ASA og styreleiar i HST, Geir Johan Bakke, takkar Lasse Stokkeland for innsatsen som dagleg leiar i det som har vore ei utfordrande tid for verftet.

– Eg er glad for at Erlend har teke utfordringa og er motivert for jobben som ny dagleg leiar i HST. Erlend er opphavleg frå Leirvik. Han brenn for lokalsamfunnet, og har ved å leie nokre av dei mest krevjande prosjekta ved HST synt at han har kompetansen og røynsla som krevst for å leie eit verft i omstilling mot effektivitet og lønsemd, seier Bakke i ei pressemelding.

HST har hovudkontor i Leirvik i Sogn og Fjordane, med avdelingar i Fosnavåg og Tyrkia. Selskapet har 397 tilsette.