Negativt driftsresultat på minus 338 millionar for Kleven Verft

Kleven Prosjekt 401 AS (Gamle Kleven Verft) har no avlagt rekneskap for 2018, og som venta er tala negative.

Rekneskap Rekneskapen for Kleven Verft for året 2018 har latt vente på seg. Det har i lang tid vore klart at det ikkje kom til å vere gode tal, noko som no blir stadfesta med eit driftsresultat på minus 338 millionar.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / Vikebladet

Attraktivt Ifølgje Ola Beinnes Fosse, finansdirektør ved Kleven Verft, er verftet attraktivt for både nasjonale og internasjonale aktørar. – Dei ser verdien i den kompetansen vi har på verftet, i tillegg til at vi har fått ein ryddig og lett balanse etter restruktureringa.  Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Næringsliv

Selskapet har i haust gått gjennom ein restrukturering, og tala for 2018 har latt vente på seg. I ei pressemelding skriv dei at omsetnaden for 2018 var på to milliardar, og driftsresultatet blei minus 338 millionar kroner. Av dette skal 85 millionar kronar vere ekstraordinære nedskrivingar. Resultatet før skatt enda på minus 349 millionar.

Ifølgje pressemeldinga blei det negative resultatet spesielt påverka av finansielle utfordringar hos enkelte underleverandørar innan innreiing, samt ein forseinka levering av ekspedisjonsskipet MR Roald Amundsen til Hurtigruten.

– Resultatet er påverka av den omstillinga verftet har vore gjennom dei siste åra. Finansielt har vi vore førebudde på eit negativt resultat i 2018, og kunne på førehand ta dei grepa som var nødvendige for å sikre forsvarleg drift på verftet. Omstillingskostnaden er no tatt, og historiske tap er handtert og dekt inn, uttalar Ola Beinnes Fosse, finansdirektør ved Kleven Verft.

Grunnen til at 2018-rekneskapen blir levert fyrst no, skyldast arbeidet med restruktureringa av selskapsstrukturen. Utfallet av dette har hatt betydning for 2018-rekneskapen. Alle hendingar fram til no i 2019 har blitt inkludert i 2018-rekneskapen.

Sal ein pågåande prosess

Nye Kleven Verft blei formelt stifta 1. november 2019, med ein balanse på 130 millionar kroner i gjeld som er knytt til verftet sine eigendelar og fasilitetar. Fram til det eventuelt er ein ny eigar på plass ved verftet, vil følgande personar sitte i styret: Ola Beinnes Fosse (Styreleiar), Henrik A. Christensen, Tom Einertsen, Olav Ingolf Nakken, Olav Haugland, Alf Johan Antonsen, Frank Hauge, Olav Arne Høydalsvik.

– No er vi klare til å ta Nye Kleven Verft vidare med ein styrka kompetansebase, i tillegg til dei nye kontraktane som er inngått, med avgrensa risiko for verftet. Dette i kombinasjon med ein vesentleg sunnare balanse, gjer at Nye Kleven Verft er godt posisjonert for framtida, seier Fosse i pressemeldinga.

No arbeider verftet med å levere MS Fridtjof Nansen før årsskiftet, og samstundes levere dei andre prosjekta i ordreboka etter planen. Sal av verftet er ein pågåande prosess.



Finansdirektøren i Kleven Verft om 2018-tala:

– Ikkje spesielt lystig lesing



Nye Kleven skal bygge om lekter

Ny kontrakt til Kleven - skal bygge om lekter

Nye Kleven Verft har har vunne ein større kontrakt i konkurranse med fleire europeiske verft.



Kleven Verft er allereie i gang med å bygge om lekteren som heva KNM «Helge Ingstad». Vi blei med om bord:

– Det er godt å vite at vi har godt med arbeid i nokre månadar framover



God pris og lågare risiko gav Kleven Verft oppdraget:

– Det var heilt naturleg for meg å høyre med Kleven også



– Å kutte TAF er å sage av greina vi sit på

Hos Nogva sit dei ikkje stille og ser på at utdanningssjefen i fylket vil legge ned TAF-linjene, også kalla YSK (yrkes- og studieførebuande).