Stansar sal av Viiral

Boots, Apotek1 og Sykehusapotekene stansar sal av nasesprayen Viiral.

Dagleg leiar: Frode Fagermo påpeiker at ingen har sagt at Viiral ikkje er eit veldig godt og trygt produkt. Arkivfoto: Helge Skuseth 

Næringsliv

Det skjer ifølgje Nrk etter at Helsetilsynet har avgjort at ein studie der sprayen blei testa ut på Sas-pilotar må trekkast tilbake fordi den ikkje hadde etisk godkjenning.

– For både oss og forbrukarane er det svært kjedeleg og leitt at Apotek1 vel å gå til desse tiltaka midlertidig. Vi har forståing for det etter siste tids media-dekning, men vi håpar og trur at vi er tilbake i ordinært sal innan kort tid. Viiral er eit veldig godt og trygt produkt, og det har heller ingen sagt det ikkje er, seier dagleg leiar Frode Fagermo til rikskringkastaren.

Helsetilsynet har slått fast at forskinga er uforsvarleg, men har ikkje vurdert kvaliteten på nasesprayen. Viiral har hovudkontor i Ålesund.


Ørsta-firma med ulovlig og uforsvarlig studie

Helsetilsynet slår fast at Viiral har brutt lova

Helsetilsynet slår fast at Ørsta-firmaet Viiral, som har lansert en nesespray, har brutt tre forskjellige paragrafer i helseforskingslova: Forskningen manglet forhåndsgodkjenning, var ikke forsvarlig og organiseringen var ikke god nok.