Aker Biomarine er svært fornøgd med første sesongen til «Antarctic Endurance»

Kapteinen: – Dette er læring med resultat

Med sine tre kriltrålarar er Aker Biomarine idag einaste norske selskap som i dag fiskar etter det vesle krepsdyret, og nyleg har verdas første spesialbygde kriltrålar, «Antarctic Endurance», avslutta sin første sesong i Sørishavet.

Fiskeskipper: Tre månader om gongen er Arnljot Vågsholm kaptein på «Antarctic Endurance» som fisker kril i Antarktis. Ei vanesak, kallar han det etter å ha vore på sjøen sidan han var 16. No er han på land, medan skipet ligg i Walvis Bay i Namibia for garantivedlikehald.  Foto: Marius Simensen

Næringsliv

I ti månader i året er dei tre kriltrålarane til Aker Biomarine ute i Antarktis og fiskar. Krilen pumpast opp ved hjelp av vakuum frå botnen av trålen, og eit forsyningsskip går i skytteltrafikk mellom trålarane og Montevideo i Uruguay, der krilen blir lossa av.