Teknologiutviklar byttar toppleiar på nytt

Gründerselskapet Disruptive Technologies med tilsette i Volda, byttar igjen toppleiar.

Opprykk: Her ser vi den nye sjefen Bengt-Johannes Lundberg. Det er verdt å nemne at vi i styret også finn sportskjendis Aksel Lund Svindal.   Foto: Disruptive Technologies

Næringsliv

Det er berre åtte månader sidan gründer Erik Færevaag i Disruptive Technologies gav seg som leiar av selskapet han starta. I april kom nederlendaren Raoul Wijgergangs inn frå Silicon Labs, men no er også han ferdig.