Havyard og Kleven med samarbeid

Kleven Verft blir underleverandør for Havyard-verftet i Leirvik.

  Foto: Havyard

Næringsliv

Avtalen gjeld eit plattform supplyskip av typen Havyard 833 WE. Kleven skal stå for utrusting og testing av skipet.

– Dette er eit viktig oppdrag for oss, då vi kan utnytte kapasiteten på verftet på ein god måte fram til levering. PSV er eit produkt der alle tilsette på Kleven har høg kompetanse, og vi ser fram til å jobbe med eit offshoreskip igjen. Vi gler oss til vidare godt samarbeid med Havyard, seier administrerande direktør Kjetil Bollestad i Kleven Verft i ei pressemelding. Arbeidet ved Kleven startar tidleg i februar, med overlevering til kunden i løpet av sommaren 2020.

Bakgrunnen er forseinkingar på tidlegare byggeprosjekt ved verftet i Leirvik.

Kunden for dette skipet er det kanadiske reiarlaget Atlantic Towing. Ved å setje jobben ut til Kleven, vil båten kunne leverast utan vesentleg forseinking, skriv Havyard i ei pressemelding fredag føremiddag.

Havyard opplyser at dei har sju nybygg i ordreboka.