Vard i Brattvåg skal bygge trålar til 500 millionar

Vard har signert storkontrakt med eksisterande kunde.

Illustrasjon: Båten skal verte 80 meter lang og få ei dekksbreidde på 17 meter.  Foto: Vard Group

Næringsliv

Dette er andre gong på dei siste to åra at Nergård Havfiske bestiller båt frå Vard. Kontrakten er verdt over 500 millionar norske kroner, skriv Vard i ei pressemelding. Fiskefartøyet skal byggast i Brattvåg.

Erik Haakonsholm leiar avdelinga for offshore og spesialiserte fartøy i selskapet Han legg i pressemeldinga ikkje skjul på at Vard er stolte over kontrakten:

«Når eksisterande kundar kjem tilbake til oss og signerer nye ordrar, er det eit klart teikn på kvaliteten; ikkje berre når det kjem til fartøyets design – men også innsatsen til arbeidarane og prosjektgruppene i verdikjeda vår»

Han legg til at oppdraget gir positive ringverknader for alle involverte leverandørar i den maritime klynga.


Bli med om bord i Røkkes forskningsyacht

Ved Vard Brattvåg jobbes det på spreng for å Rev Ocean seilingsdyktig før den iløpet av våren skal til Tyskland for videre utrustning.


Båten vil få eit avansert fabrikksystem for både levande så vel som frosen fisk – og ensilasje for å kunne ta vare på alle delar av fisken til råstoff.

Båten skal vere ferdig i første kvartal 2022. Fartøyet som vart bestilt for to år sidan, skal etter planen leverast i løpet av februar 2020.