Treng fleire tiltak for å unngå konkursar

– Ein god og viktig start, men bedriftene treng meir, seier NHO-direktør Espen Remme etter å ha sett strakstiltaka regjeringa set inn for å hjelpe næringslivet gjennom koronakrisa.

Regiondirektør: Espen Remme er regiondirektør i NHO i Møre og Romsdal. Arkiv  Foto: Staale Wattø

Næringsliv

NHO er svært uroleg for både små og store bedrifter, og regiondirektør Espen Remme i Møre og Romsdal fortel om ein vanskeleg situasjon for svært mange.