God start på året – så kom krisa

Slettvoll Møbler har full produksjon i fabrikken på Stranda, men merkar godt koronakrisa i dei 19 butikkane rundt om i Norge, Sverige og Danmark.

København: Slettvoll Møbler opna butikk i København i oktober i fjor. Dei har hatt ein god start i det som blir omtalt som Europas tøffaste møbelmarknad.  Foto: Slettvoll Møbler

Næringsliv

– Vi held ope så lenge vi kan, men det er klart at når kundane ikkje kjem og handelen sviktar, så blir det permitteringar i butikkane, seier Bjørn-Helge Vik, som er dagleg leiar i Slettvoll Møbler AS.