Prodtex med ny stålfabrikk på Fiskå – skal gi 30 nye arbeidsplassar

Innovasjon Norge bidreg med ein tilskotspakke på 27 millionar kroner for at Prodtex Industri As skal etablere ein stålfabrikk i Vanylven.

Tilskot til ny fabrikk: Det nye prosjektet blei presentert på ein pressekonferanse utanfor Innovasjon Norge sine lokaler på Skansekaia i Ålesund. Frå venstre er Tore Roppen, dagleg leiar i Prodtex Industrier, saman med Kjersti Kleven (styreleiar i Prodtex As), Sigbjørn Nordstrand (dagleg leiar i Prodtex As), Helge Gjerde (direktør for Innovasjon Norge i Møre og Romsdal), Vegar Kobbevik (systemingeniør i Prodtex As) og Mari Dorte Michaelsen (finansieringsrådgiver i Innovasjon Norge).  Foto: Staale Wattø

Næringsliv

Totalramma for den nye fabrikken vil vere på 40 til 50 millionar kroner, og mellom anna vil Vanylven kommune vere ein av eigarane i oppstartsfasen. Fabrikken skal ligge i dei gamle lokala til Ulstein Verft på Fiskåholmen, som har stått tomme sidan 2015.