Frisør ser fram til å opne igjen: – Det har ikkje vore kjekt

På dagens pressekonferanse fortalte statsminister Erna Solberg at dei vil lette litt på dei strenge restriksjonane som har vore, og det betyr at Føhnix Dame & Herrefrisør kan opne igjen 27. april.
Næringsliv

– Eg har nettopp fått ein e-post frå forbundet vårt, Norske frisør- og velværebedrifter, og dei arbeider no saman med NHO for å finne bransjestandarar som gjer at vi kan opne igjen. Vi skal trene oss og må truleg ha forskjellig utstyr. Vi har no litt tid på oss til å få dette på plass, seier John Åge Sundal, dagleg leiar av frisørstudioet i Ulsteinvik.