Nordfjord Kjøtt har dobla produksjonen

Nordfjord Kjøtt har dobla produksjonen sin sidan 12. mars. Eit koronastengt samfunn og stopp for handleturar til Sverige har ført til kraftig auke i etterspørselen etter norsk mat.

Produksjonsrekord: – Stor ros til dei tilsette for formidabel innsats, seier Geir Egil Roksvåg etter at Nordfjord Kjøtt i Loen har dobla produksjonen sidan koronautbrota trefte Norge. Her saman med Katarina Siketova og Ane Marie Lødøen t.h  Foto: Bengt Flaten

Næringsliv

(Fjordingen:) – Innsatsen frå dei tilsette har vore heilt rå. Det seier salsansvarleg ved Nordfjord Kjøtt, Trond Leirgulen. Dagleg leiar Geir Egil Roksvåg er samd og rosar både den faste staben og alle som har kome inn i bedrifta dei siste vekene og gjort ein formidabel innsats.