Sluttar som finansdirektør:

– Det blir ein knallhard jobb for Kleven framover

Etter to krevjande år med hardt arbeid og restrukturering av Kleven Verft, har Ola Beinnes Fosse (38) gått av som finansdirektør.

Pappaperm: Ola Beinnes Fosse har hatt ein krevjande jobb på Kleven Verft. Tida framover skal brukast i pappapermisjon, og han har inntil vidare ingen nye jobbplanar. Arkiv  Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Næringsliv

Som finansdirektør har Ola Beinnes Fosse (38) vore med på redningsoperasjonen for Kleven Verft. Torsdag blei det kjent at han har valt å gi seg i jobben.