Havila sikrar arbeidsplassar med nytt serviceselskap

Havila Holding opprettar eit delt service-selskap, for å samordne ressursar, styrke Havila-gruppa og sikre arbeidsplassar.

Viseadministrerande direktør i Havila Shipping, Olav Haug Vikebakk, vert konstituert leiar i det nye selskapet medan Njål Sævik frå Havila Shipping er styreleiar i selskapet som no samordnar ressursar frå Havila Holding, Havila Shipping og Havila Kystruten. F.v.: Olav Haug Vikebakk, Havila Shipping og Havila Service, Arild Myrvoll, Havila Kystruten, Njål Sævik, Havila Service og Havila Shipping, og Per Sævik, Havila Holding. 

Næringsliv

Namnet på det nye selskapet er Havila Service AS. Dette vert den nye arbeidsgjevaren for ei rekkje arbeidstakarar i land-organisasjonane til Havila Shipping, Havila Kystruten og Havila Holding. Det gjeld tilsette innan crewing, IT, rekneskap og innkjøp, og det nye selskapet skal vere i drift frå hausten av.

Styreleiar i Havila Service, Njål Sævik, seier i ei pressemelding at opprettinga av det nye selskapet kjem som ei naturleg følgje av utviklinga i Havila-gruppa, og at det i dialog med dei ulike selskapa har kome fram ønske om ei samordning av ressursane.

– Gjennom å samle dei tilsette i det nye Havila Service vil vi skape større fagmiljø innan dei ulike funksjonane. Då kan vi i endå større grad få til auka spesialisering og heva kompetanse mellom dei tilsette.


Havila Shipping har fått ja til gjeldsavtalen

Fosnavåg-rederiet Havila Shipping ASA meddelte 7. april at de hadde forhandlet fram en avtale på fem år. I dag har det vært avholdt obligasjonseiermøter, og avtalen bli vedtatt med tilstrekkelig flertall i begge lånene.


Vidare satsing

Sævik seier også at med opprettinga av Havila Service vil ein kunne effektivisere og få ut synergiar mellom selskapa i konsernet, og tilbodet kan også kome til å omfatte fleire selskap.

– Det vert enklare å få til god og tilpassa bruk av medarbeidarane gjennom skiftande tider. Slik vil Havila Service vere med på å sikre arbeidsplassar. Opprettinga av eit felles selskap gjer det i tillegg enklare å vurdere kva kompetanse og ressursar vi treng for vidare satsing. Alt no veit vi at det er behov for ytterlegare oppbemanning.

Dei tilsette vert overført til det nye selskapet gjennom ei verksemdsoverdraging.

Det skal no tilsetjast ein leiar for det nye selskapet som får organisasjonsutvikling, samspel og samarbeid som viktige arbeidsoppgåver. Før den nye leiaren er tilsett skal viseadministrerande direktør i Havila Shipping, Olav Haug Vikebakk, fylle rolla.


Per Sævik kom med brannfakkel om korona-krisepakkar - no får han støtte:

- Ansvaret er vårt, vi må rydde opp sjølve