Kjempar for å berge Kleven verft frå konkurs:

Meiner bankar har blokkert kontoar ulovleg

Eigarane jobbar 24 timar i døgnet for å berge Kleven verft.

Kleven-eigaren: Tomislav Debeljak som eig Kleven verft, kjempar for å unngå at verftet går konkurs  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Næringsliv

– Vi vil slåst for rettferd. Bankane terminerte kontrakten utan å ha rett til det. No jobbar vi 24 timar i døgnet for å finne ut kva som har skjedd og finne ei løysing med banken og redde Kleven, sa Tomislav Debeljak då han møtte media utanfor administrasjonsbygget til Kleven verft tysdag.