Tilsette går på jobb som vanleg, men bur seg på konkurs

– Det er inga løysing. Og til lenger det går til verre blir det, seier hovudtillitsvald ved Kleven, Olav Høydalsvik.

Tillitsvald: Olav Høydalsvik har vore tillitsvald ved Kleven verft sidan 1998.   Foto: Anne-Mari Tomasgard

Næringsliv

Olav Høydalsvik var med på styremøte ved Kleven verft tysdag føremiddag, der den kroatiske verftseigaren deltok. Ifølgje Høydalsvik kom det ikkje fram noko nytt og avklarande i møtet.