Kleven-konkursen:

Utan pengar til mat - utanlandske tilsette er fortvila

- Dette er ein svært vanskeleg situasjon. Folk er veldig irriterte, seier Marius Nekolita, tillitsvald for dei 225 utanlandske tilsette som er hardt råka av Kleven-konkursen.

Tillitsvald: Marius Nekolita er tillitsvald for dei over 200 rumenske og polske arbeidarane som jobbar i Kleven Maritime Contracting.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Næringsliv

Fredag var det klart at Kleven-selskapa vil be tingretten om å bli slått konkurs. Før i veka blei det kjent at over 200 tilsette i dotterselskapet Kleven Maritime Contracting, KMC, ikkje fekk utbetalt løn og feriepengar som venta i førre veke.