Solstad vurderer skraping på Kleven

At marknaden for nye offshore-fartøy er metta, kan opne nye mogelegheiter. Den ferske Kleven-eigaren Green Yard er på utkikk etter båtar å hogge opp, og ein storfisk kan bite på kroken.

I opplag i Ålesund: Lars Peder Solstad er konsernsjef i Solstad Offshore ASA. Her ser vi Solstad-skipa Far Sovereign ( bygd i 1999), Normand Sira og Far Sabre (begge i 2008) liggande ved Humla i Ålesund.  Foto: Morten Hjertø

Næringsliv

– Det er veldig aktuelt for oss å la skip gå til skraping, seier konsernsjef Lars Peder Solstad i Solstad Offshore ASA til Sunnmørsposten.