Green Yard-gründer Hans Jørgen Fedog om Kleven-kjøpet:

– Hadde ikkje kjøpt verftet dersom det låg i Oslo

– Der oppe er dei skikkeleg påskrudd, seier Hans Jørgen Fedog i Green Yard når han omtalar vår lokale verftsnæring.

På plass på Kleven: Administrerande direktør i Green Yard Group, Hans Jørgen Fedog, seier dei er ein mygg som har kjøpt ein gigant.  Foto: Marius Simensen

Næringsliv

(Vikebladet) Den nye Kleven-eigaren rosar skipskompetansen i distriktet vårt på det næraste opp i skyene, der han i eit større intervju i Avisen Agder fortel om bakgrunnen for at vesle Green Yard i Kvinesdal enda opp med å kjøpe det konkursråka Kleven Verft tidlegare i sommar.