Ulstein Group fekk eit driftsresultat på minus 204 millioner

Ulstein Group hadde i 2019 ei omsetning på 2,57 milliardar kroner og eit driftsresultat på -204,4 millionar kroner. Konsernresultatet for 2019 vart svakt.

Gunvor Ulstein er konsernsjef i Ulstein Group. Ho seier 2019 var ei krevjande år.  Foto: Marius Simensen

Næringsliv

Ifølgje ei pressemelding er konsernresultatet i hovudsak svakt på grunn av tap på store prototyp-prosjekt.

– 2019 var eit krevjande år der omstilling for auka konkurransekraft har vore høgt prioritert. Ulstein har lukkast med å etablere seg i nye marknadssegment med kontraktar innan ekspedisjonscruise, RoPax og havvind, men etableringa i nye segment har tatt tid og vore kostbart, uttalar konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group.

– Koronapandemien har ikkje hatt direkte innverknad på rekneskapen for 2019, men vil vere med på å påverke usikkerheitsfaktorane for Ulstein framover. Kor lang tid det vil ta før cruisenæringa er tilbake i ein normalsituasjon med kontrahering ved norske og utanlandske verft er uvisst, seier ho vidare.

Rekneskapen er enno ikkje offentleg i Brønnøysund, men hovudtala frå Ulstein Group viser at driftsinntektene auka frå 1,89 milliard i 2018 til 2,57 milliard i 2019.

Driftsresultatet blei marginalt betre frå 2018 til 2019. Driftsresultatet i 2018 var negativt 211,6 millionar, mot 204,4 i 2019.

Ordinært resultat før skatt var minus 310,8 millionar i 2018. I 2019 blei resultatet før skatt minus 262 millionar.

Arbeid framover

Ulstein Group gir ei oppdatering på ordreboka framover. I dokkhallen til Ulstein Verft ligg no kabelskipet Nexans Aurora, som etter levering i 2021 skal utføre kabelinstallasjonar på havvindfarmen Seagreen utanfor Skottland.

Skroget til eit nytt ekspedisjonscruiseskip, National Geographic Resolution, kjem til Ulstein Verft hausten 2020 for sluttføring og levering i siste kvartal 2021.

Søsterskipet National Geographic Endurance vart levert i mars 2020, men ligg til kai ved Ulstein Verft. Dette skal vere ein effekt av koronapandemien.

Seks ekspedisjonscruiseskip designa av Ulstein for SunStone Ships vert bygde ved CMHI-verftet i Kina, det første, Greg Mortimer, vart levert i 2019. Ved CMHI er også havvindinstallasjonsskipet Alfa Lift for det norske reiarlaget Offshore Heavy Transport under bygging, også desse er designa av Ulstein.

– Vi hadde stor tru på cruiseindustrien, men covid-19 gjer at nye ordrar innan dette segmentet ligg på hald. Vi hadde allereie inngått ei rekkje slike design- og skipsbyggingskontraktar, og gler oss no over å sjå dei mange X-bow-cruiseskipa etter kvart som dei skrir fram i byggeprosessen, seier Ulstein.

Havvind

Ulstein seier dei er godt posisjonerte for havvind-segmentet framover.

– Vi har også levert mange havvind-skip siste åra, der den seinaste leveringa var serviceoperasjonsskipet Windea Jules Verne i juni 2020, som no har starta arbeid på havvindfarmen Merkur Offshore utanfor Tyskland. I tillegg kjem dei to store havvindskipa i ordreboka, det eine for Nexans som er under bygging ved Ulstein Verft og det andre for OHT som er under bygging ved CMHI. Med referansar frå alle fasar av ein havvindfarm, frå planlegging, førebuing, oppstart og service fram til avvikling, er vi godt posisjonerte til å vere ein føretrekt leverandør innan dette området. Vi tilbyr også konsulent- og servicetenester som skal auke den operasjonelle lønsemda til kundane våre, seier Gunvor Ulstein.