Nedgang for Nordfjord Kjøtt:

Tente mindre på pålegg og pølser

Auka konkurranse førte til svikt i omsetninga for Nordfjord Kjøtt i fjor. Overskotet blei også halvert i forhold til året før.

Svakare: Nordfjord Kjøtt i Loen har fått svakare resultat dei to siste åra, men ventar betre resultat i inneverande år. Arkiv  Foto: Bengt Flaten, Fjordingen

Næringsliv

Rekneskapen til Nordfjord Kjøtt for 2019 viser at selskapet omsette for over to milliardar kroner også i fjor, men 2,09 milliardar er likevel ein liten nedgang på 0,5 prosent i forhold til året før.