Vartdal Plast: – Eit år då alt klaffa

Jan Endre Vartdal kan sjå tilbake på eit rekordår for Vartdal Plast-konsernet. FOTO: ARKIVFOTO 

Næringsliv

(Møre-Nytt)Vartdal Plast-konsernet er i stadig vekst, og det gjer det godt. I fjor auka omsetnaden med over 100 millionar kroner, og enda på 844 millionar. Resultatet før skatt er rekordstore 77,8 millionar, inkludert finansinntekter på 39 millionar.