Henta inn meir kapital til hotell

Stranda hotell AS hadde nær tre millionar kroner i underskot i fjor, og ved sist årsskifte hadde selskapet brukt opp all eigenkapitalen.

Hotell: Stranda hotell er blitt betydeleg oppgradert innvendig siste åra. Også utvendig er ein i gang. I vår blei alle vindauga på fasaden i nordfløyen bytta ut, ifølgje dagleg leiar ved hotellet, Ina Edøy.  Foto: Terje Engås

Næringsliv

Siste åra har Stranda hotell blitt betydeleg oppgradert. Inntektene har også auka gradvis til rekordåret i fjor, då hotellet hadde nærare 29 millionar kroner i omsetning.