Norsk fisk kan miste sertifisering

Audun Maråk i Fiskebåt bekreftar at mykje norsk fisk kan miste bærekraftssertifiseringa MSC. Det gjeld både pelagisk fisk og torsk fanga langs kysten.

Slett ikkje uroa for bestandane: Audun Maråk, administrerande direktør i Fiskebåt, seier at fiskebestandane er gode, trass i at dei altså kan miste sertifisering. Unntaket er kysttorsken.  Foto: Arkiv

Næringsliv

Har du kjøpt for eksempel fiskepinnar eller klippfisk og sett eit blått merke med ein fisk? Det er merket til Marine Steward Council (MSC), ei internasjonal sertifiseringsordning. Poenget er å gjere det lettare for deg å velje fisk frå berekraftig fiskeri som ikkje bidrar til overfiske.