– Eg har ikkje planar om å pensjonere meg

Tore Ulstein har vore i leiinga av Ulstein Group i meir enn 20 år. No meiner han det er på tide å gi rom til andre som kan tre fram og ta større ansvar.

Trekker seg: Tore Ulstein har vore i leiinga av Ulstein-konsernet sidan 1999. No trekker han seg frå den daglege drifta. Gunvor Ulstein held fram som konsernsjef.   Foto: Nils Harald Ånstad

Næringsliv

– Det er klart at dei siste fem, seks åra har vore krevjande. Vi har gått gjennom betydelege omstillingar og no til sist seks månader med korona. Det er ein krevjande situasjon å vere i som toppleiar. Eg har for så vidt lenge tenkt at det kan vere greitt å gjere andre ting, seier Ulstein til Sunnmørsposten.