Green Yard Kleven:

I dialog med norske reiarar om sal av PSV

Ein viktig bit i puslespelet for Green Yard Kleven er å finne ein kjøpar til plattformforsyningsskip (PSV)-skroget som ligg ved verftet. No er dei i dialog med norske reiarar.

Vil kome igang: Kjetil Bollestad seier at det ikkje står og fell på salet av psv-en, men at det vil gjere at dei kan kome raskare i gang på ein god måte.  Foto: Marius Simensen

Næringsliv

– Vi var nesten i mål med ein reiar som trakk seg på oppløpssida. Dermed rykka vi litt tilbake til start. No er vi igjen i dialog med fleire reiarar om finne ei løysing slik at vi får bygge ferdig skipet er på Kleven, seier Kjetil Bollestad, dagleg leiar av Green Yard Kleven.