Jobbar på høggir med propellar

Koronakrisa er ei utfordring for internasjonalt orienterte Brunvoll i Volda, men fabrikken har vore i full sving sidan krisa starta. Og dei har god tru på framtida.

Nyrekruttering: Brunvoll Volda har ikkje hatt problem med rekrutteringa. Her er administrerande direktør Hallvard Pettersen omkransa av nokre av dei nye høgt kompetente medarbeidarar som er rekruttert til bedrifta siste åra. Frå venstre: Martin Skaar, Martin Aleksander Bratteberg, Jakob Lynge, Henrik Yksnøy, Trygve Hamre, Tom Kristan Fiskaa, Vidar Liaskar, Caroline Hjellegjerde-Aam, Ole Jørgen Strand, Geir Arne Kaspersen, Sigve Støylen og Solveig Hovden.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Næringsliv

Eit steinkast frå Volda sentrum finn vi propell- og girprodusenten Brunvoll Volda AS. Her har 144 tilsette sitt daglege arbeid, i eit teknisk avansert og internasjonalt retta miljø.