Stryvo satsar:

Investerer i avansert skjæremaskin og set opp lagerhall

Stryvo digitaliserer og automatiserer prosessar, og rett før jul kjem ei ny avansert skjæremaskin på plass i Stryn. Investeringa medfører opparbeiding av nytt areal og lagerhall.

Meir plass: F.v. økonomisjef i Stryvo Torgeir Aarøen, dagleg leiar Jostein Bøe, prosjektansvarleg Bjarte Olsen og Peter Holko ser fram til at den nye avanserte skjæremaskina kjem på plass før jul. Ein del lagervarer må då vike plass og flyttast ut i ein plasthall som er under oppføring like ved.   Foto: THOMAS THAULE, FJORDINGEN

Næringsliv

(Fjordingen.no) Dagleg leiar Jostein Bøe seier at dei har lagt bak seg ein tøff periode i vår, mykje grunna koronaen, men at ein no har henta seg tilbake igjen.