Solberg fekk gladmelding i Sykkylven:

Her treng dei fleire hundre tilsette

I år tilset Ekornes 100 nye. I løpet av dei fem neste åra reknar dei med å tilsette ytterlegare eit par hundre.

Bedriftsbesøk: Statsminister Erna Solberg besøkte Ekornes tysdag, og vart teken imot av konsernsjef Roger Lunde.   Foto: Nils-Harald Ånstad

Næringsliv

– Vi har nemleg som mål å doble omsetninga i løpet av desse fem åra og treng hundre til to hundre til, fortel konsernsjef Roger Lunde i Ekornes.