Fiskeriselskap har saksøkt fiskeseljar:

Møtest i retten om betaling for fisk

Strid om provisjon og betaling for ein asiatisk agent er tema når to selskap møtest i Sunnmøre tingrett neste veke.

Trålar: Nye Giske Havfiske eig og driv trålaren FT Atlantic Viking, ifølgje nettsida til selskapet. Eigarselskapet har saksøkt eit selskap som selde fisk for dei. Arkiv  Foto: Line Helgesen

Næringsliv

Reiarlaget Nye Giske Havfiske AS har saksøkt Atlantic Holding AS med krav om 1,3 millionar kroner. Kravet blir blankt avvist, og Atlantic Holding krev frifinning.