Reiarlag frå Herøy:

Sunnmørsk fiskebåt støtte på grunn: Blir reparert i Måløy

Ringnotbåten «Teigenes» fekk skadar då reiarlaget skulle levere fangst i Lofoten. Dei måtte leige ut resten av sildekvoten og båten er inne til reparasjon.

Slepebåten «Stadt Kinn» tok «Teigenes sørover frå Skarvik A/S ved Svolvær. Turen tok ifølge Fiskeribladet tre og eit halvt døgn (frå fredag føremiddag til natt til tysdag).  Foto: Frode Adolfsen

Næringsliv

Ringnotbåten «Teigenes» hadde 600 tonn sild om bord som skulle lossast i Værøy (ytst i havgapet ved Lofoten.) «Teigenes» grunnstøtte ved innseglinga.