Må betale millionerstatning:

Frakteskip leverte forureina olje

Fleire ferjer i Møre og Romsdal fekk levert forureina olje i tankane i fjor haust. No er eigaren av skipet som frakta oljen dømd til å betale Bunker Oil over 10 millionar kroner.

Erstatning: Øytank-reiarlaget i Giske er dømt til å betale erstatning til Bunker Oil etter at 1,6 millionar liter olje blei forureina om bord i frakteskipet.  Foto: Arkiv

Næringsliv

Bunker Oil AS i Ålesund er eit grossistselskap for drivstoff og brensel. I september 2019 blei tankskipet MS «Øytank» engasjert til å frakte 1,6 millionar liter marin gassolje frå Bunker Oil sitt tankanlegg på Hessa i Ålesund til anlegget dei har i Kristiansund.