Sigurd driv business frå guterommet

Då koronaen stengde ned landet i vår, fekk tenåringen Sigurd Vartdal meir fritid. Så han starta med netthandel av sportutstyr. Hittil i år har han seld varer for ein og ein halv million kroner.

Kinakasse: Sigurd Vartdal med ei ny kasse frå Kina som blir stabla opp i lageret heime i Ørsta.   Foto: Terje Engås

Næringsliv

– Eg er elev ved Ørsta vidaregåande skule, og spelar handball på fritida. I vår vart det stopp i handballen, og skulen hadde berre heimeundervisning. Ettersom eg alltid har hatt interesse for business og det å tene pengar, så fann eg ut at eg skulle begynne med netthandel.