Sunnmørsbadet i Fosnavåg:

Fryktar ikkje konkurransen frå Ålesund

– Det er kjekt at det kjem eit stort badeanlegg i Ålesund også. Det vil gjere regionen meir attraktiv, og det vil drype på oss også, meiner Karl Petter Sortehaug i Sunnmørsbadet Fosnavåg.

Karl Petter Sortehaug er dagleg leiar for Sunnmørsbadet Fosnavåg.  Foto: Sunnmørsbadet Fosnavåg

Næringsliv

Mange badegjester frå nordre Sunnmøre har siste åra teke turen over fjorden for å bade i Sunnmørsbadet Fosnavåg. Om kort tid opnar Ålesund bybad og mange vil naturleg nok søkje dit i staden for til Fosnavåg.