Havila Hotel Geiranger:

Held hotellet ope heile året

For første gong har Havila Hotel Geiranger pynta til jul. For dei er blitt eit heilårsope hotell. Årsaka er at hotellet huser dei som har starta med rassikring på vegen mellom Eidsdal og Geiranger.

Heilårshotell: Jørgen Tveiterås og Elisabeth Bjørstad Tveiterås held Havila Hotel Geiranger ope heile vinteren igjennom.   Foto: Maria Dahl Wattø

Næringsliv

– Vi har inngått avtale med Kruse Smith og Volda Maskin. Dei skal ha tilsette innkvartert hos oss i tre år framover, til oktober 2022. No har dei 40 rom, fortel Jørgen Tveiterås.