Inger feirar 30 år med Sax frisørsalong:

– Det er viktig å pynte seg for kvarandre

Inger Lefdal Kirkhorn feira i helga 30 år med Sax frisørsalong. Ho elskar å lage folk fine på håret, og har til og med hjelpt folk i kjærleikslivet med frisørferdigheitene sine.

Elskar jobben: Inger Lefdal Kirkhorn har 30-årsjubileum for Sax frisørsalong på Grodås. Ho blir aldri lei og jobbar gjerne tolvtimarsdagar for å gjere kundane fine på håret. Her er det Martin Muldsvor (15) som har teke plass i frisørstolen.   Foto: Roy A. Brenvik Myklebust, Fjordingen

Næringsliv

(Fjordingen) – Eg elska hår og eg elska å vere frisør for far min, «Lakken». Men han sa at eg fekk ikkje bli frisør for han hadde fem butikkar og eg skulle bli butikkdame. Så han sende meg på handelsskule og butikkleiarskule og så vart eg det. Men då eg var 25 år, hadde gifta meg i Hornindal og fått ein gut, då tenkte eg at no er eg vaksen og kan bestemme sjølv, ler Inger.