Noreg blir med i europeisk hydrogensatsing

Eit nytt EU-initiativ skal sikre subsidiar til hydrogenprosjekt i Europa. No melder Noreg seg inn.
Næringsliv

Det er EUs såkalla IPCEI for hydrogen Noreg no sluttar seg til.

IPCEI er ei forkorting for «viktige prosjekt av felles europeisk interesse». Initiativet skal sikre at statsstøtte blir slusa til prosjekt som kan setje europeisk industri i førarsetet globalt.

– Hydrogen blir viktig for å nå klimamåla våre. Noreg har gode føresetnader for å utvikle og ta i bruk teknologien, men vi treng ikkje å gjere alt åleine, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) i ei pressemelding.

– Ved å kople oss på Europas hydrogensatsing kan vi både setje fart på utviklinga og gi norske bedrifter ei god moglegheit til å auke kvaliteten på prosjekta sine, seier han.

EU-kommisjonen har karakterisert IPCEI som eit kraftfullt verktøy i klimapolitikken. Frå før er det lansert to IPCEI-ar for batteriteknologi.

I den nye IPCEI-en for hydrogen skal Noreg delta saman med land som Tyskland og Danmark. Målet er å støtte utvikling av innovativ hydrogenteknologi.

Prosjekta vil vere unnatekne for vanlege reglar for statsstøtte. Dei må notifiserast særskilt til EØS-tilsynet Esa.

Enova får hovudansvar for å forvalte den norske deltakinga.


Satser på teknologi med større energitetthet enn batteri - oppretter nytt selskap

Fosnavågselskapet Havyard går inn i hydrogen. De oppretter et eget selskap som skal spesialisere seg på å bygge hydrogenbaserte framdriftssystem for større båter.



Alternativt budsjettforslag

750 millioner fra Ap til verft og sjøfolk

Arbeiderpartiet legger på bordet en tiltakspakke på 750 millioner kroner rettet mot verftene og sjøfolkene.